Skip to content

Rønneidsbrui Traditional Geocache

Hidden : 7/15/2014
Difficulty:
2.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Dette er ein liten cache - ta med eigen blyant/penn. This is a little cache - bring your own pencil.


Jostedalen var lenge eit svært isolert dalføre. Den store breelva gjekk i tronge gjel, og det var vanskeleg å få farbar veg til sjøen. Rundt midten av 1800-talet såg fylket det som si oppgåve å gi innlandsbygdene vegutløysing til sjøen, og fylket gav si første bygdevegsvegløyving til Jostdalen i 1842.

Vegen Marifjøra - Røneid framom det bratte Røneidsberget vart opna i 1880, og Jostedalen fekk skikkeleg vegsamband til utskipingshamna og handelsstaden Marifjøra,

Frå 1686 til 1696 budde futen i Sogn på Røneid.

Røneid var i lang tid handelsstad som m.a. vart mykje brukt av gardbrukarar frå Jostedalen. I 1835 starta den første landhandelen med gjestgiveri på Røneid. Skulehus kom det i 1863, og då skulen vart lagt ned, vart bygningen nytta til eit lite meieri og eit bakeri som var i drift til kring 1900. Landhandel vart driven fram til krigsåra, då den låg nede nokre år. Etter krigen starta dei opp att, og overlet handelen kring 1950 til Gaupne samvirkelag, som dreiv butikken på Røneid fram til kring 1960. Etter kvart som det vart meir biltrafikk fekk Røneid eigen bensinstasjon og campingplass.

Bru over Jostdalselva mellom Røneid og Gaupne vart bygt på 1890-talet, samstundes som det vart bygt samanhengjande veg Røneid - Sandvik (i Gaupne). Brua vart sterkt øydelagt av isgang vinteren 1905. Rester av den første brua ser ein litt av vest for Rønneidsbrui. Ei ny bru med sterke steinkar og jernkonstruksjonar sto klar i 1907, og brua vart ein del av vegsambandet igjennom Luster heilt fram til 1965. All trafikk innover fjorden gjekk igjennom bebyggelsen på Røneid og i Gaupne, på smale vegar.

Vegsambandet igjennom Luster fekk ny bru over Jostedalselva (ved fjorden) i 1965, og vart elles utbetra og lagt om på 1970-talet med den 654 meter lange Røneidtunnelen.

Additional Hints (Decrypt)

Fxeh

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)