Skip to content

Eikelandsfossen - Hestadfjorden #1 Traditional Geocache

Hidden : 5/15/2015
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
2.5 out of 5

Size: Size:   small (small)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Eikelandsfossen er ein av dei mektigste fossane i Gaularvassdraget. Fossen har i liten grad blitt brukt til vasskraft, kanskje fordi tilhøva for aurefiske er så bra.

Eikelandsfossen is one of the mightiest waterfalls in the Gaula river system. It has been little used for the production of hydropower, perhaps because of the excellent conditions for trout fishing.


Eikelandsfossen er den første geocachen i ein serie med geocacher som skal bli lagt ut rundt Hestadfjorden i Gaular. Cachen ligg plassert på sørsida av vatnet. Frå Sande i Gaular, tar du av til rv. 610 til Eldalsosen. Etter ca. 4 km tar du til høgre ved skilt til Kirkelisund. Deretter køyrer du ca. 2,5 km til du kjem til parkeringsplassen. Turen til Eikelandsfossen er ein del av Fossestiane i Gaular, så den er merka med skilt - først langs bilvegen før du tar av på sti ned til sjølve fossen. Ved fossen finn du også ei flott jettegryte. 

I juli er middelvassføringa 75m3/sek, og i januar 16m3/sek,men elles går variasjonane frå nær 1m3/sek i lågaste lågvassføring og til 270m3/sek i topp flaumvassføring (okt. 95).

Eikelandsfossen ligg sentralt i det verna Gaularvassdraget. I motsetnad til fallrettane i Viksdalen vart aldri fallrettane i Eikelandsfossen selde,men ein gong i 1920-åra synte eit selskap interesse for å kjøpe rettane. SFK (no SFE) sin konsesjonssøknad, sist endra i 1981, gjekk ut på utbygging av heile fallet frå Viksdalsvatnet til Dalsfjorden, med inntak ovanfor Eikelandsfossen.

Energien i fossen har vore lite nytta til vassdrivne innretningar. Det einaste som er kjent, er eit kvernhus garden Kjelstad (2 km ovanfor fossen) hadde rett til.Restane av kvernhuset, inkl. kvernsteinane finn ein endå ved foten av fossen. Iflg. Gaularsoga bind 1, side 393, er Kjelstad registrert med kvern i 1723. Om dette er kverna i Eikelandsfossen, eller ei flaum kvern heime på garden, går ikkje fram.

Det har alltid vore godt ørretfiske både over og under Eikelandsfossen. Serleghar det vore fiska mykje i Lona under fossen, både på nord – og sørsida.

Så langt ein veit, har det vore ei dødsulukke i fossen. Sommaren 1865 vart Mikal Pedersen Kjelstad borte etter at båten vart teken av straumen og ført utfor fossen. Hesten hans, som var med i båten, skal ha berga seg, men Mikal vart aldri funnen. Truleg har det vore stor vassføring og sterk straum ovanfor fossen. Den dåverande bygdevegen enda på sørsida ved nedste enden av vatnet, hertil var vatnet ferdslevegen. Seinare, ca 1900, vart det sprengt ut noko fjell på toppen av Eikelandsfossen, likeeins vart det grave ut ein del masse i Stroka, litt lenger oppe. Totalt har dette ført til opp mot 40 – 50 cm lågare vasstand i Viksdalsvatnet,og dermed endra tilhøva ovanfor fossen.

Fleire hjortar druknar i fossen kvart år. Ved låg vassføring greier hjorten fint å krysse straumen ovanfor fossen.Her går ei mykje brukt trekkrute, som er fårefull for hjorten når vassføringa er stor.

Additional Hints (Decrypt)

Aæe sbffra, haqre, zra bccå

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)