Skip to content

Kongevegen - St. Tomaskyrkja Traditional Geocache

Hidden : 10/11/2015
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   regular (regular)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


St. Tomaskyrkja

Cachen ein lock-and-lock boks som inneheld loggbok, infoark, blyant og nokre bytteting.
Eng: The Cache is a lock-and-lock container. The Cache contains loggsheet, infosheet, pencil and some trading items.



I meir enn 1000 år har ein av dei viktigaste ferdselsvegane mellom aust- og vestland gått over Filefjell. Like etter at kristendommen kom til Noreg, vart det reist ei lita stavkyrkje i Smeddalen på Filefjell, attmed denne ferdselsvegen. I dette dalføret var det kanskje fast busetting i riktig gamal tid, det er funne restar av gravhaugar og jernvinner her, og som namnet fortel, skulle dei som budde her vore smedar.Ein veit li te om bruken av kyrkja før reformasjonen, men tidleg på 1600-talet vart kyrkja sett i stand og teken i bruk att til gudstenester.

Syftesok, 2. Juli, var fast messedag i St Tomaskyrkja. Kyrkja fekk no ry for å vere ei lovekyrkje med undergjerande kraft, og ho vart etterkvart landskjend for dette. På syftesokdagen strøymde folk til frå nær og fjern. Sjuke kom for å få legedom, syndarar for å gjere bot, men dei fleste kom nok for å vere med på det store stemnet. Her var det kjøp, sal, dans, drikk og slagsmål, og følgjande ”gjetord” gjekk om dette stemnet: ”Her vart mang ein god hest sprengd, mang ein sprek kar dengd og mang ei ven møy krenkt”. Kyrkja sine folk såg ikkje med blide auge på dette. Fleire kravde at kyrkja måtte rivast, og i 1808 vart kyrkja nedriven og seld på auksjon.

Men den folkekjære kyrkja på Filefjell vart aldri gløymd. Mange arbeidde for å få reist ei ny St Tomaskyrkje. I juli 1971 sto endeleg den nye kyrkja ferdig, og ein kunne på ny høyre Tomasklokkeklangen på Kyrkjistøle.



The main road from eastern to western Norway has for the last 1000 years crossed th Filefjell Mountain. After the christianization of Norway in th 11. century, a small stavechurch was buildt at Filefjell by the mainroad for the comfort of travellers and the traditional summer gathering at Syftesok, July 2. (Syftesok is in remembrance of Saint Swithun) The church was believed to do miracles and at the day of Syftesok people travelled far to take part in the church service, to be cured of various diseases or simply to join in the drinking and dancing which followed after the religious part. In fact, the drinking and dancing took over, and in such a wild way that the clergy in charge ordered the church to be torn down and sold, which was done in 1808.

However as time went on, people felt there was need for a church at the Filefjell Mountain, and after years of fund raising the new St. Tomas' Church was opened in 1971.

Tulipan's cache

Geocaching i Norge

Additional Hints (Decrypt)

Haqre fgbe fgrva, onx yvgra Rat: Haqre ovt ebpx, oruvaq fznyy

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)