Skip to content

Otrøy Kyrkje Traditional Geocache

Hidden : 5/3/2016
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Otrøy Kyrkje

Otrøy kyrkje ligg i Midsund sokn i Molde Domprosti. Den er bygd i tre og blei oppførd i 1878. Kyrkja har rektangelplan og har 250 sitjeplassar. Arktitekt var J W Nordan.

                    


Otrøy Kyrkje

(Bare en liten forklaring på hvorfor CO har plassert en geocache akkurat her. Her har den mannlige delen av vårt felles nick, blitt både døpt og konfirmert. Desverre var sognepresten litt vrang da vi skulle gifte oss, siden den samme mannlige delen nå hadde meldt seg ut av Den Norske Kirke. I Molde Domkirke var vi imidlertid velkomne likevel, så der fant vielsen sted.)

Opphaveleg var Otrøya, nordre del av Midøya, Magerøya, Tautra og Gossen det som utgjorde Aukra kyrkjesokn. Sambandet var sjøvegen, for på Otrøy var det ikkje vegsamband mellom Sundsbø og Rakvågen, det var berre ein slags uryddig gangsti. Det var strabasiøst mang ein gang å ta seg fram til kyrkja på Aukra, endå dei som oftest stod for reisa var friske, sterke karar. Men tenk kor det då kunne vere for helseveike som gjerne ville vere med til kyrkja, for å få høyre eit Guds ord til kveik.   Like eins kvinnor, som skulde i veg med dåpsborn. Vi kan knapt i dag skjøna kor slike reiser kunne take på, og etter framkoma til kyrkja, var otten for heimreisa ikkje mindre.  Å ferdast i open båt på sterkninga frå Raknestangen beinveges vil Aukratangen kunne berre gjerast på godvêrsdagar i sommarhalvåret. På haustparten med korte dagar, ruskevêr og aust eller sydvestlige vinder, var det å følgje landsida til Ræstadholmen, og so i livd av Kalvskjæret, Skarvholmane og mulig Semundsholmen bort til Aukratangen, til ein stad som heiter «Kyrkjeberget» der otrøyingane landa. Og etter kledeskift å gå til fots til kyrkja.

Eldre folk har fortalt om mange slag hendingar på kyrkjereisene, og mang ei hardsigling vart gjort mellom desse to stadane. Ofte stod det om liv. Det let seg ikkje gjera og gjengjeva alle hendingar, men serleg ei kan nemnast. Det var då gravferdsbåten på veg frå Magerøy til Aukra, 5. februar i 1866 forliste på Ræstadvika, der fleire omkom.

Vi trur at det i mange mannsaldrar var eit inderleg ynskje om eiga kyrkje på nordvestsida av Otrøya, men det var truleg ingen som var modige til å gå framfor, her til kom at folk flest ikkje var sers skrivefør. Soleis har det gått til 1860 åra, då ein innflyttar frå Kleive sokn, Lasse Olsen, ein etter tida opplyst mann — og skrivekunnig, gjekk hugheilt inn for tanken om soknedeling og eiga kyrkje på nordvestsida av Otrøya.
I vår tid kan ein undrast over at ikkje alle i kommunen var med i det nye soknet, men i den tid var det ingen framkommelege vegar. Det var båten og sjøen å farta på, og dei som budde på syd og austsida av Otrøya hadde god livd av landsida, og frå Sundsbøen og bort til Aukrasanden gav holmane stor livd. Her til kom at på «Sanden» kunne del få ordna ymse ting, so for dei var sambandet so viktig at det kunne vere turvande framleis og tilhøyra Aukra sokn.

 

 

Otrøy kirke

Sak nr. 4 i kommunestyremøte 20. mai 1864

Foto: Henny Stokseth


«Skrivelse fra en del inboere på den vestlige side av Otterøen og Miøen av 7. november d. år, om at Akerø kommune skal garantere for det beløp som måtte tiltrenges til at opføre en kirke på Otterøens vestlige side. Beslutning: Kommunebestyrelsen indgår på fullstendig garanti for et lån som måtte tiltrenges til at opføre ny kirke på vestsiden av Otterøen efter en sognedeling som er avgjort i samlet formands- og representant-skapsmøte den 20. mai 1864, under det forbehold at kommunen erholder tilstrekkelig garanti av de innenfor sognet matrikulerte bruk og eiendommer.»

Til dette vedtak er å seie at det var lite hjelpsamt av di det vart kravd pant i alle gardsbruka i det nye Otrøy sokn. Det kan i so måte nemnast at Oplysningsfondet, der det seinare vart gjeve lån, kravde herre pant i kyrkja. Ein annan ting var også det at «kommunebestyrelsen»s vedtak om at gardane skulde pantsettast, førde til at Heggdalsvik’ gardane ikkje ville gå med i det nye soknet.

Dåverande sokneprest Chr. Kaurin, som var tilstades i eit møte på Raknes, tilrådde «Oterøens Annex» bestående av: Rørset, Rakvåg, Raknes, Tangen, Orvik, Ugelvik, Magerøy, Akselvoll, Midsund, Ramberg, Blø, Bjørnerem, Klauset og Sør-Heggdal. (Heggdalsvik er her altså ikkje med.) Og denne tilrådinga vart då vedteken. Ein kjennar til at amtmannen i Romsdal, Ludv. Leth, i Molde gjorde sitt beste for det nye soknet og at det skulle bli kyrkje på Otrøya. Den 1. juli 1876 var det møte i Aukra prestegard, det var då kome so langt at det var valt arbeidsnemnd for kyrkja.Det var kyrkjebygget som stod først på arbeidsprogrammet, dernest vedlikehaldet av kyrkja som måtte bli klårlagd. Otrøyingane hadde rekna med at den delen som hadde gått til Aukra kyrkje skulde verta overført til den nye kyrkja, men dette ville Aukra ikkje gå med på, og i eit møte på Ræstad i januar 1876 vart det avslege. Aukra kunne gå med på å overføre 300 spesiedaler som engangsutbetaling.

Men dette tok ikkje modet frå otrøyingane, for eige sokn og eiga kyrkje vilde dei hava, koste kva det koste vilde, og dei kom då på den tanke at kvar utrorsbåt kunne avstå ei viss utreidsie av årsinntekta. Den skulde gå til kyrkja sitt vedlikehald, og det vart godteke.

Det neste spørsmål var om dei andre sokna vilde gjeva avkall på gudstenester, slik at det nye soknet kunne få 15 i året. Etter ein del skriftlege førehavingar gjekk det endeleg i orden og vart godkjent av biskopen. Tilslutt var det skyss åt presten. Dei rekna med at dette skulde bli lett å ordne, men so vart det ikkje. I den tida — var det som før nemnt ikkje veg mellom Sunds[bøen og Rakvågen. Soleis måtte det båtskyss til/frå Aukra til Raknes/Rakvåg. Til sine tider vart det nytta hest frå Beinset til Ugelvik.

Soknepresten hadde gjort kjend at reisene til og frå tok lang tid so tenesta i det nye soknet rakk han ikkje over på dagen, det ville då bli ‘både kostutlegg og overnatting. Aukra vilde heller ikkje her vere med å dekka noko av utlegga. Sandøy som var utskilt som eige sokn, meinte seg berre skuldig til ein liten del av utlegga. Det vart til dels hard strid om dette.

Det vart til at 9 mann på Otrøy sa seg viljug å taka på seg både skyss og opphald, men dette var ikkje den rette måten å gjera det på og vart ikkje godteke. Det enda tilslutt med at Stiftsdireksjonen laut taka seg av saka og fastsette at der skulde ytast i krone for kvar matrikulert jordeigedom i prestegjeldet, og so vart kommunen pålagd og bygge prestestove. Denne prestestova skulde innehalde stove, soverom og eit lite kjøken. Og ymse utstyr m.a. oppreidd seng for overnatting. Prestestova vart bygd først i 1883.

Som før nemnd var det sjølve. kyrkja som stod øvst på programmet åt arbeidsnemnda, og ler var 2 vesentlige ting til avklåring:

  1. Skulde kyrkja vera privat eige — partseigarar — eller
  2. Almuekyrkje - D.v.s. kommunen sin eigedom.

 

Som kjent hadde kommunen ikkje synt noko velvilje for den nye kyrkja. Dertil kom at det truleg ikkje var avsett pengar, så utsikta om hjelp derfrå var ikkje stor. Vart den kosta som partseigedom, vilde mange i det nye soknet beda om å få utløyst sine partar i Aukra kyrkja, for so nytta dei til kyrkja her. Men slik utløysing vart nekta.

Samtalane pågjekk frametter året om desse to alternativa. Då spurdest det at biskopen skulde kome til Bud. Seks mann i robåt la i veg til Bud og fekk biskopen i tale. Han kunde då gjera kjendt at alle kyrkjor som no vart reist, skulde vere «Ålmue» kyrkjor. Etter dette vart det mange rådslåingar, og folket var modlause i blant. 3000 sp.dalar var eit stort løft, so tanken om å gjeva opp var truleg ikkje langt borte. Men so kom ein ny tanke fram, at soknet sjølv skulde gjera ein freistnad å skaffa lån utan å pantsetje sine jordeigedommar. Og dei vende seg først til amtmann Leth, Molde, som truleg gjorde sitt til at Molde Sparebank innvilga eit byggjelån, og dermed vart ei svært viktig sak ført i hamn.
Gardeigarane i Ugelvik hadde gjeve både kyrkjetomt og gravstad av sine felles utmarker, so staden for kyrkja var dermed fastlagd. Av dette og namnet «Ugelvik-kyrkja».
No låg det retteleg godt an for soknet og kyrkja. Og endeleg, den 16. juni 1877 vart ein ovgild dag. Det spurdest mellom folk i soknet at det ved reskript d.v.s. Kgl. resolusjon vart gjeve løyve og stadfesting for at det nye soknet skulde skiljast ut frå Aukra og få eiga kyrkje etter godkjend teikning. Den 27. august s. år, vart det valt i byggenemnd. Dette vart arbeidsnemnda som til no hadde fungert. Dei vart gjevne mynde til å stå for alt. Det vart skreve byggekontrakt med John Krogseth, frå Vestnes som før hadde bygd kyrkjor. Som modell for kyrkja her vart vald Fiksdal kyrkje med omlag 300 sitjeplassar. Teikninga fekk dei også i utlån frå Fiksdal. Byggekontrakten med J. K., lydde på 3000 sp.dalar = kr 12.000.

Tomtearbeidet kunde takast til på haustparten 1877. Både grunnmuren til kyrkja og steingjerdet kring gravstaden vart utført som friviljug arbeid, og det viser den dag i dag at det vart gjort eit solid arbeid, ja, ein kan legga til at det har vore eit mykje strevsamt arbeid når ein tenker på at ein då ikkje hadde mekaniske hjelpemidlar til slikt tungarbeid.

I kontrakten med kyrkjebyggaren var det medteke at alle turvande materialar skulde vere frambringa til byggeplassen. Dette vart utført ved dugnad og på pliktarbeid. Ja, dei gjekk med frimod og glede over at det no endeleg i røyndi skulde bli eit Gudshus på øya. Unge og eldre om einannan var aktivt med i arbeidet som tok til på vårparten 1878. Dei som ikkje var arbeidsfør var ofte åskodarar til det nye byggverket, eit byggverk som aldri før hadde vore reist på øya. Og som vår og sommardagane auka, vaks også kyrkjebygget , sikkert gilde dagar.  Det var som ei ny tid var komen, og for ettertida kom det vel til å heite «Det året då kyrkja vart bygd».

I august sto kyrkja ferdig. Den ruvde verdig der oppe på den vesle høgda i terrenget, og dei som ferdast anten nord eller sør, kunne ikkje la vere å undrast. Tenk, der er kyrkja. Og det liksom tona: Kom, kom til den hvitmalte kirke, og kom til Guds fredfylte hus».

Vigslingsdagen var den 20. september 1878.

 

Additional Hints (Decrypt)

Uratre

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)