Skip to content

Kongevegen - Berge Traditional Geocache

Hidden : 5/7/2017
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Berge


Cachen er ikkje plassert på vegen eller vegkonstruksjonen.
Eng: The Cache is not placed on the road or the roadconstruction.



BERGE – SKYSSKIFTE OG GJESTGJEVARSTAD - Då Kongevegen vart bygd, hadde Berge ei sentral rolle i samferdsla. Vegen gjekk rett gjennom tunet, og garden var ein naturleg stoppestad for mange. Bonden på Berge var skysskaffar i bygda, med ansvar for å skaffe reisande skyss når dei skulle vidare. Her kunne ein overnatte, og ei tid var det også kremmarstove på garden.

Under storarbeidet med Kongevegen i åra 1791-1793 budde både veginspektør Iwer Moss og løytnant Wilhelm Jürgensen på Berge då dei arbeidde med vegen gjennom Borgund. Dei 48 soldatane Jürgensen hadde med seg frå Det Søndenfjelske gevorbne regiment i Halden til vegarbeidet vart også innkvarterte på gardane kringom i bygda, men ikkje like standsmessig som dei i finstova på Berge.

Då representantane frå Bergen skulle til Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814, overnatta dei på Berge. Dei fire mennene og tenarane deira drog med båt frå Bergen 25. mars. Ein av dei, Fredrik Meltzer, skreiv dagbok på turen, og han fortel at båten deira vart rodd av ti menn. Det var høg stemning med mykje prat og god drikke. Men då dei kom til Lærdalsøyri, fekk dei kultursjokk. Meltzer skriv: «Fattigdommen og skitten, de mange små, halvnakne barna og en mengde løse griser og hunder som fantes alles steder, overrasket oss meget, så vi ønsket bare å komme derfra hurtigst mulig». Kvelden etter, den 29. mars, kom dei til Berge, der følgjet hadde «Fortæring» og «Nattelogie». Her var det betre, sjølv om dei fine herrane måtte dele seng to og to. Bonden på garden, Ivar Berge, hadde ein heil jobb med å skaffe nok hestar og folk som kunne skysse reisefylgjet og all bagasjen vidare til Skogstad. Heile 12 hestar måtte til. «Gamlestova» på Berge er ei original røystove, bygd i 1667. Stova, som er godt teken vare på, er i dag det eldste huset i bygda. Ho har husa mange interessante gjester gjennom åra og er eit tidsvitne om den rolla garden har hatt som knutepunkt langs vegen.



Då den Bergenske Kongeveg vart bygd på slutten av 1700-talet, fekk ein for fyrste gong køyreveg mellom Aust- og Vestlandet. I dag er den gamle Kongevegen eitt av dei finaste veghistoriske kulturminna vi har. Den 10 mil lange vandreruta Kongevegen over Filefjell tek deg gjennom nokre av dei vakraste landskapa i Noreg. Frå tronge og dramatiske fjordlandskap inst i Sognefjorden, via høgfjellet på Filefjell, og ned i innlandsbygdene i Valdres. Ei reise mellom landsdelane - med den historiske Kongevegen som den raude tråden undervegs. Der vegen er borte nyttar ein andre trasear, slik at det blir ein samanhengande turveg frå Lærdalsøyri til Vang. Syklistar har alternative ruter utanom dei mest sårbare delane av Kongevegen.


BERGE – COACHING INN AND GUEST HOUSE - When Kongevegen was built, Berge came to play a key role in communications. With the road running straight through the farmyard, many saw this as a natural place to stop. When travellers arrived, it was the responsibility of the farmer at Berge to arrange for onwards transport. Accommodation was available, and at a time there was also a small store at the farm.

During the main construction work on Kongevegen in 1791–1793, when the stretch through Borgund was built, both Road Inspector Iwer Moss and Lieutenant Wilhelm Jürgensen stayed at Berge. The 48 enlisted soldiers Jürgensen had brought with him from Det Søndenfjelske regiment in Halden to help with the construction work, were also quartered at farms in the area – but not in as elegant surroundings as those staying at Berge.

When representatives from Bergen travelled to the National Assembly at Eidsvoll in 1814, they stayed the night at Berge. The four men and their servants left by boat from Bergen on the 25th of March. One of them, Fredrik Meltzer, kept a diary of the trip, and according to him it took ten men to row their boat. Spirits were high, with plenty of good conversation and drink. However, as they reached Lærdalsøyri, they suffered a bit of a cultural shock. Meltzer writes: “The poverty and dirt, all the small, half-naked children, and the many pigs and dogs running loose everywhere, took us by surprise, and all we desired was to get away as soon as possible.” On the 29th of March, the evening after, they arrived at Berge where they enjoyed “board” and “lodgings”. Conditions at the farm were better, even though the fine gentlemen had to sleep two to a bed. The farmer, Ivar Berge, had his work cut out finding enough horses and people to transport the travellers and all their baggage further on to Skogstad. As many as 12 horses were required. “Gamlestova” at Berge is an original Røykstove (i.e. a western Norwegian one-storied building with an open hearth and a square opening in the roof (a “ljore”) to let out smoke), built in 1667. This well-preserved building is today the oldest in the village. It has played host to numerous interesting visitors throughout the years, and is a symbol of the farm’s importance along the route.

Bergenske Kongeveg, built at the end of the 1700s, was the first proper road between eastern and western Norway. Today, the old Kongevegen is one of our most beautiful cultural heritage routes. The 100 km Kongevegen across Filefjell walk leads through some of Norway's most spectacular scenery. From the narrow, dramatic fjord landscape innermost in the Sognefjord, via the high mountains at Filefjell, and down to the inland villages in Valdres. A journey from one part of the country to another – linked together by the historic Kongevegen.
Kilde/Source: Statens vegvesen


Geocaching i Norge

Additional Hints (No hints available.)