Skip to content

Lynje - Den trondhjemske Postvei Traditional Geocache

Hidden : 7/13/2017
Difficulty:
2 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   regular (regular)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:

Denne cachen ligger på Lynje ved Den trondhjemske Postvei.

Sving av til Lynje, ikke parker oppe på hovedveien.


Den trondhjemske Postvei i Fjaler

Ved sida av Kongevegen over Filefjell vart Den trondhjemske Postvei den første skikkelege køyrevegen i Sogn og Fjordane då den vart bygd på slutten av 1700-talet. Den trondhjemske Postvei vart bygd gjennom Sogn og Fjordane frå 1780 og til 1806 etter ein plan som vart utarbeidd av vegløytnant Christian Junghans og postkanselliråd Jens Schanche i 1775. Postruta Bergen-Trondheim vart opna som landpostrute i 1785, med postføring ein gong i veka, og med sju postopneri frå starten. Postopnarane hadde hovudansvaret for postomdelinga innan sine ruteavsnitt. Mellom postopneria låg det såkalla postgardar som hadde ein meir underordna rolle.

Pliktarbeid og rodar

Mykje av postvegen vart bygd som ein brukbar køyreveg for hest og kjerre. Arbeidet med bygging og vedlikehald vart utført som uløna pliktarbeid av bønder og husmenn. Kvart arbeidslag fekk tildelt ansvaret for eit visst vegstykke – rode – som var merka med rodesteinar i kvar ende. På same måte som skyssplikta som var pålagd småkårsfolket, skulle arbeidsplikta på vegane gå framfor alt anna arbeid. Vegarbeidet gjekk oftast føre seg om sommaren når folk var opptekne med slåtten, og var difor ei svært upopulær ordning når dei måtte sleppe det som dei hadde i hendene og ofte dra milevis avgarde for å veglikehalde postvegane.

Offiserskupp for vestleg veg

Mellom Sogn og Sunnfjord gjekk vegen frå Leirvik over Skor til Espedal, Rennestraum og Flekke i Fjaler, og derifrå fram til skysstasjonen Tross i Dale sentrum. Herfrå vart post og reisande rodde med båt til Sveen i Bygstad (sjå Gaular kommune), og derifrå vidare over Langeland til Førde. Det var eit ”kupp” frå sjefen for Vestre yttre Sognske Compagnie, kaptein Hans Henrik Hornemann Holck, som førde til at denne viktige nord-sør-vegen vart bygd så langt vest, og ikkje via Vadheim. Opphaveleg var det nemleg tanken at postruta skulle bli ført over Sognefjorden frå Rutledal til Nesse på nordsida. Derifrå skulle posten gå til Leirvik, opp Lavikdalen og ned til Torvund lengre inne ved Sognefjorden, og så derfrå til Vadheim og nordover til Førde nokolunde etter den lina som europavegen fylgjer i dag. Men kaptein Holck, som budde i Leirvik, hadde rett til å kome med fråsegn til vegplanen. På 1700-talet hadde militærvesenet vel så mykje dei skulle sagt om lineval for nye vegar som både postvesen og anna embetsverk til saman. Kaptein Holck viste til at det var trong for vegsamband mellom eksersisplassane i Leirvik og Dale, og greidde med argumenta sine å overtyde styremaktene om at lina Leirvik-Flekke-Dale var den rette. Dermed vart Vadheim-lina vraka, og arbeidet med Den trondhjemske Postvei frå Leirvik til Dale starta i 1802. På strekninga Rennestraum- Skor gjekk denne første postvegen på vestsida av Hovlandsvatnet. I åra 1882–1885 vart vegen lagd om slik at den gjekk på austsida av vatna på strekninga Skor-Rennestraum. Vegen om Espedal på vestsida vart omklassifisert til rideveg.

Tross var skyssbyte

Postvegen på strekninga Leirvik-Førde fekk skysstasjonar i Leirvik, Systad, Skor, Flekke, på Tross i Dale, Sveen i Bygstad og på Langeland. Mellom gjestgjevarstaden Tross og Sveen vart posten førd med robåt. Men alle såg at denne ruta var meir tungvint enn å føre posten om Vadheim, og det gjekk ikkje mange åra før ein la om ruta. Då vegen Vadheim-Førde vart bygd i 1837, avløyste den postvegen Leirvik-Dale som hovudveg mellom Sunnfjord og Ytre Sogn. Den gamle «Trondhjemske» vart offisielt lagd ned som postveg i 1868 og hovudposten send med dampbåt langs kysten. Skysstasjonane på den gamle ruta vart likevel haldne oppe til 1876.

Postvegen vart riksveg

Med utgangspunkt i postvegen vart vegen mellom Leirvik og Flekke gradvis utbetra og omlagt til bilveg i tida frå 1895 til 1935. Det vart m.a. bygd ny veg Nautsund-Skor i 1897, og med nye utbetringar vart det i 1938 mogeleg å køyre med bil heile året mellom Leirvik og Skor. Vegen nordover frå Rennestraum til Dale var prega av at den hadde vorte bygd som kjerreveg, og det var først i 1935 at den var skikkeleg omlagd og utbetra for biltrafikk. Kring 1980 vart den gamle postvegen restaurert og merka med skilt. Ingemar Nordstrand gjorde ein stor innsats for vern og merking av den gamle postvegen gjennom Sogn og Fjordane.

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)

Additional Hints (Decrypt)

Haqre fgrva bt zbfr. Bccå fgrvara ibxfre qrg owøex bt ebta.

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)