Skip to content

Jernutvinning på Hovden #2 Traditional Geocache

Hidden : 8/11/2017
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   micro (micro)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Menneska lærte seg å bruke jern for meir enn 3000 år sidan, og i jernalderen blei teknikkar for herding alment kjend. Dei fyrste spor av jernframstilling i Noreg stammer frå om lag 500 år f. Kr, basert på myrmalm. Å utvinne jern av myrmalm var ein tidkrevjande prosess som fort tok eit år, og involverte mange folk. Det fyrste steget var å lage trekol. Til det gjekk det store mengder tre. Treet vart hogd, kløyvd og tørka. Det vart grave groper i bakken, desse kunne ha ein diameter på eit par meter, og vart gravd ut med trespader. Oppi desse gropene vart veden lagt og tent på. Dei dekte det heile til med torv. Det var særdeles viktig at ikkje torva tok fyr, og det måtte sitte vakter rundt denne kolmila døgnet rundt. Veden vart til slutt forkola, og ein fekk trekol som blei brukt til sjølve jernutvinninga. Men fyrst måtte dei ha myrmalm. Dette fann dei i torv på myrene. Igjen måtte dei til å spa torv. Heile torvstykker vart gravd opp, turka og røsta. Røsting er ein prosess der ein brenn torvstykkene slik at det organiske materialet blir fjerna. Ein sat til slutt att med rein malm som vart frakta til jernutvinningsanlegga. Jernutvinningsanlegga var større hus med blesteromn (omn med store blåsebelgar tilknytta for å tilføre luft). Og det var her trekolet vart nytta. Trekolet vart lagt på botn av omnane, fyrt på og vart gødande før myrmalmen blei lagt oppå. Den høge temperaturen gjorde til malmen smelta, og jern og malm blei flytande. Sjølve jernet har høgare smeltepunkt enn dei andre stoffa i myrmalmen, og ved 1200° C rant dette slagget ned i botn av jernvinna medan jernet vart samla til ein seig klump. Jernklumpen vart løft ut av omnen og var klar for smeden som banka ut restar av flytande slagg. Deretter vart jernet bearbeidd og reinska skikkeleg i smia og ein fekk ein klump med råjern. Jern frå heiane rundt Hovden vart frakta ned til kysten og seld vidare. Noko av jernet vart så klart nytta lokalt til verktøy. Jern blei utvunne i Noreg 300-400 f.Kr av myrmalm, enkle smelte omnar og mykje arbeid. Dei fyrste funna av jern i Noreg daterer seg til år 110-500 f.Kr. Her på Hovden har det vore storstilt utvinning av jern. I desse traktene var det myrmalm som gjaldt, i motsetnad til jernmalm som er ein bergart som er rik på jernmineral. Vassfylte myrar med raudbrunt vatn og ei oljeliknande hinne på, slik ein ser i blandt anna Setesdalsheiane, indikerar at myra inneheld jern.

Additional Hints (Decrypt)

V owøex

Decryption Key

A|B|C|D|E|F|G|H|I|J|K|L|M
-------------------------
N|O|P|Q|R|S|T|U|V|W|X|Y|Z

(letter above equals below, and vice versa)