Skip to content

Myrmalm EarthCache

Hidden : 9/10/2017
Difficulty:
1.5 out of 5
Terrain:
1.5 out of 5

Size: Size:   other (other)

Join now to view geocache location details. It's free!

Watch

How Geocaching Works

Please note Use of geocaching.com services is subject to the terms and conditions in our disclaimer.

Geocache Description:


Målet med denne earthcachen er at du skal gjenkjenne myrmalm

Her på nullpunktet står du på ei myr, og i denne myra er det myrmalm. Det kan ein i enkelte høve sjå ved at det legg seg ei oljeliknande hinne på overflata av myrvatnet. Denne earthcachen vil forklare deg grunnen til at myra inneheld jern, og korleis då denne myrmalmen har blitt nytta.

Grunnfjellet

Mot slutten av urtida til jorda, for om lag 600 mill. år sidan, vart grunnfjellet tært ned av naturkreftene til ei relativt flat slette, som vert kalla det subkambriske peneplan. Restar av dette peneplanet finn ein att i grunnfjellsområda mange stader i Setesdalsheiene. For om lag 400-600 millionar år sidan vart peneplanet fløymt over av havet, og store mengder lausmassar vart avsette oppå grunnfjellet. Desse lausmassane vart etter kvart omdanna til bergartar som sandstein og fyllitt. Under den kaledonske fjellkjedefoldinga for om lag 395 mill. år sidan, vart store grunnfjellsflak pressa opp, og skuva over dei yngre bergartane. Desse flaka blei omdanna til gneisar og kvartsittar under foldinga. Det ein finn att av fyllitt og skyvedekket i dag, etter millionar av år med erosjon, har oftast form av “såter” oppå grunnfjellsplatået. Her ligg gneisane i skyvedekket som eit vernande lag oppå den mjukare fyllitten. Fleire av dei høge toppane i dette området har denne tredelinga med grunnfjell, fyllitt og gneis.

Den geologiske utforminga vi ser i dag

Mot slutten av siste istid for om lag 10.000 år sidan var det ein kraftig iserosjon som gjorde til at det meste av lausmassane i området vart transportert med isen til havet. Erosjonen var sterkast i vest, slik at her finn ein dei mest dramatiske landskapsformene. I daldraga mot austre del av heiane er det meir lausmassar. Grunnfjellet er samansatt av sure, harde og næringsfattige bergartar av prekambrisk alder. Saman med den kraftige iserosjonen som frakta lausmassane bort, er grunnfjellsbergartane opphavet til det næringsfattige og karrige preget som dominerar heiane her.

Myrmalm

Av lausmassekartet under ser ein at områda rundt Hovden er mykje prega av morene og myr/torvmasser.

Der myra ligg på særleg jernrike bergartar eller har tilsig frå jernrike bergartar, vil myra innehalde nok jern til at ein har jernmalm. Her på GZ er det ei slik jernhaldig myrmalm. Grunnen til at den akkurat her er jernrik, er at den ligg i eit område som har tilsig på grunn av vulkanske bergartar i fjellsidene rundt. Malm blir det kalla når det er så stor konsentrasjon av eit mineral at det er økonomisk gunstig å utvinne det.

Malmar har ulike opprinnelsar, men det som er i myrene rundt Hovden er av sedimentær opprinnelse då bergartane forvitra gjennom samspel med vatn eller kjemiske prosessar under gitte klimatiske høve. Utfelling av myrmalm skjer ved kjemiske prosessar eller ved innverknad av organiske stoff eller bakteriar. Når metall reagerer danner dei positivt ladde ion, og jerniona finnas i to former, Fe2+ og Fe3+. Desse to iona dannes under ulike høve og har ulike eigenskapar. Det er desse to forholda som skaper «oljeflekker i myra». I myr, og derfor også i myrvann, er det lite oksygen, derfor finnas jern i form av Fe2+. Slike jernion er nesten heilt fargelause, og held seg lett oppløyst i surt myrvatn. Dette forandrer seg når Fe2+-ionae kjem i kontakt med luft, då blir jerniona oksidert av luftas oksygen til det endå meir positive ionet Fe3+. Med mindre vatnet er svært surt (pH må vere mindre enn ca. 2) vil Fe3+-iona reagere med vatnet og danne jernhydroksid, Fe(OH)3. Dette hydroksidet legg seg som en hinne eller film på overflaten av vannet. Jernhydroksid er ei form for rust, det er oransje eller rødt og ugjennomsiktig. Jern er eit av dei vanlegaste bergartsdannende grunnstoffa og utgjer omlag 5 % av jordskorpa.

Bruken av myrmalm

For 3000 år sidan bruka dei myrmalm til å framstille jern av. Områda rundt Hovden hadde storstilt eksport av jernbarrar laga av dette råstoffet som fantes, og enno finnas, i myrane her omkring. Det er hundrevis av kolgroper synleg i terrenget rundt her, og utgravingar har openbara fleire jernvinneanlegg.

Oppgave for å logge

1) Beskriv fargen i jorda på myra på GZ, og se gjerne ca 15 cm vertikalt ned i sjiktet.

2 Kvifor har jorda under overflata denne fargen?

3) Sjå rundt deg, på fjella og område rundt deg, og gje ei kort forklaring til kvifor det er jernhaldige mineral akkurat her

4) Legg gjerne ved eit bilde av gpsen på nullpunktet, men ikkje avslør svara i oppgava.

Additional Hints (No hints available.)