Når GeoCacheLauget held event, vil det alltid bli med eit eller anna hint eller sus av eldre tider. Som namnet i dette eventet seier, har det eit sus av eldre tids begrep og ord-rikdom som språket vårt hadde ei tid attende.
Oppskåkje er eit av desse orda, og namnet har i grunn ingenting å gjere med eit vanleg event-treff slik sett, men vi brukar namnet for at mange ord er i ferd med å gå i gløymeboka. Lauget vil i monge av sine event ha ei eller anna form for historisk fokus, slik som namnet for dette eventet.
Men som i oppskåkje, vil det gå livlig i praten i ei avslappa stemning rundt bordet.
Vi møtest på Napoli i Ulsteinvik, Søndag 22. april klokka 13.30 til klokka 14.30. Der er ikkje ete-plikt på staden.
Og du skal få svar der, på kva eit oppskåkje eigentleg er for noko.